Lulu (Fort-Nox Pelargonia, født 05.05.08 - kull 7)

Hei

Her kjem ei lita helsing og nokre bileter av Lulu.

Lulu trivst og har det bra.
Ho kosar seg heime, både inne og ute.
Er ein super familiehund. Glad i kos og klem.
Ho likar og å gå på tur.
Blåbærtur er topp. Då spring ho rundt og spis litt av kvar busk.

I løpet av vinteren/våren har Lulu trent mykje på blodspor. I sommar tok
ho prøven, og fekk 1.plass på den. Dei siste vekene har ho vore mykje i
skogen og gått "ferskspor". På søndag var det sporprøve, og då blei ho
godkjent ettersøkshund. Så no er Lulu klar til jaktsesongen.

Mvh Anne Lise

Lulu

Lulu